tar tak i Telemark

Gautefall

Birkeland Bruk

J.T. Liftutleie

Jakob Tveit

Treungenhytta

 Straand

  Festivalcamping og overnatting

Viktig info nederst med blå skrift for dei som skal på campingen!

4 dager med camping kr 1590,- (fra onsdag til søndag)
3 dager med camping kr 1490,- (fra torsdag til søndag)
2 dager med camping kr 1350,- (kun fredag til søndag)
1 dag med camping    kr   790,- (kun lørdag til søndag)
Inngang til konsertane er innkludert

Prisane gjelder t.o.m. 15. juni

Billettar kan kjøpast på billettservice.no eller direkte av
festivalen, sjå meir info under.
Link til billettservice.no

Ved kjøp av billettar direkte frå festivalen set du inn pengar på konto nummer 2711.21.67426
Viktig: husk å merke innbetalinga med type billett, din epost, navn og adresse. Billettane sendast ut så snart innbetalinga er registrert.

Når du har kjøpt billett med camping inkluderer det plass til campingvogn, bobil, telt eller buss. Du treng ikkje reservere plass i tillegg. Dei som kjøper billett på førehand får dei finaste plassane. Campinga opnar kl. 12 på onsdagen, og vil du sikre deg dei beste plassane og unngå kø, bør du kome denne dagen. Det er sjølvsagt mogeleg å kjøpe campingbillett når du kjem til festivalen. Campingplassen er kraftig utvida og det er plass til alle. Så godt som heile campinga er dekka med straumforsyning, men vi gjev ingen garanti til dei siste som kjem.

Det er ein fordel om dei som ønskjer å campe saman kan kome samla av omsyn til plassering. I den grad det ikkje let seg gjere, så løyser det seg, men då kan det hende at seinare bilar må parkere på eige parkeringsareal.

Alle som skal overnatte på festivalcampinga må betale frå dei kjem og fram til søndag. Dette fordi vi forventar stor etterspurnad og prioriterer dei som ønskjer å vere til stades under heile festivalen. Det vil også vere svært vanskeleg for oss å sjå til at dei som evt bare har betalt for delar av festivalen, faktisk reiser når dei skal.

For dei som ønskjer overnatting fram til fredag eller laurdag, og ikkje vil kjøpe festivalpass, finst det andre private campingplassar som kan nyttast.

Prisar ved førehandskjøp:
4 dagar med camping kr 1590,- (frå onsdag til søndag)
3 dagar med camping kr 1490,- (frå torsdag til søndag)
2 dagar med camping kr 1350,- (bare fredag til søndag)
1 dag med camping    kr   790,- (bare laurdag til søndag)



For meir send mail til joe-so2@online.no eller ring 46806503


camping 09

       
     

     



   





 

Copyright ©: Nissedal og Treungen Utvikling AS
Design: Blank AS - Teknisk løysing: Nettkroken AS