Camp info

Alle som har kjøpt billetter til Treungenfestival camping må lese denne informasjonen.

Festival-campinga er dei siste åra stadig blitt utvida, og har i dag omlag 1200 plassar. Campinga ligg rett ved festival-området, med kort avstand til flott badestrand og til Treungen sentrum. Inne på camping-området er det sanitærbygg og dusjar og matsal. bestilling@treungen.no

NB! Viktig info i år er det innført søppeldepositum på kr 500,-. Beløpet vil bli refundert tilbake inn på konto oppgitt på refusjons skjema, dette leveres inn-sjekk når du sjekker ut av campingen. Det er også anledning å bruke beløpet til kjøp av early bird billett til 2018.

Vidare er det svært viktig at alle stømledninger ikkje er i vann, då går strømmen på campen nonstop, alle som har sjekka inn må sjekke sin strømledning at den ikkje er fuktig eller i vann.l!!


Kjøp billett trykk her:
Ticketmaster.no

Alle som skal inn på festivalcampinga må også ha betalt for å inn på konsertområdet.

(Treungenfestival har 18-års grense)


Heile området er dekka med straumforsyning, og straum er inkludert i campingpassa.
Festival-campinga er eit lukka, innegjerda område, med aldersgrense 18 år. Det er lov å fritt nyte alkohol på området,.men det betyr ikkje at ein kan gjere som ein vil. Profesjonelle vaktselskap er tilstades heile døgnet, og ser til at alle har det bra og kosar seg.

Med over 3.000 overnattande er det diverre ein risiko for at nokon ikkje heilt veit forskjell på ”mitt og ditt”. Pass difor godt på sakene dine. Festivalen tek ikkje ansvar for forsvunne eigedelar.

For å få ei effektiv utnytting av campingarealet har vi både campingpass med plass, og campingpass-kun tilgang. Når fleire skal overnatte saman, treng bare ein av dykk å kjøpe campingpass med plass, resten kan kjøpe campingpass-kun tilgang. Eller du kan kjøpe pakkepris for fleire sammen. Sjekk billettservice, eller kjøp i porten.

INNSJEKKING


Ved ankomst må alle ut av bilane for å få armband, og ev. legitimere at ein er over 18 år. Kvart køyretøy får plass-oblat som skal leggast i frontruta, eller anna synleg stad.

All tildeling av plass skjer fortløpande ved innsjekking, og det er ikkje høve til å bestille spesiell plass på førehand. Dersom ein ynskjer fleire plassar samla, må dette registrerast og betalast av den fyrste som sjekkar inn. Det er ikkje høve til å kjøpe fleire plassar enn det sjekker inn personar. Vi prøver så langt som råd å oppfylle spesielle ønsker om plass, men garanterer aldri spesielle plassar.

Vi gjer merksam på at den private campinga, Saga camping, ligg rett ved festivalcampinga. Denne inngår ikkje i arrangør sitt opplegg, og her må campingplass tingast i tillegg til festival-billettar.

Vår største frykt er at det skal oppstå brann eller gass-lekkasje, og vi gjer ein del tiltak for å vere så førebudd som råd på noko slikt.
La brannsløkkings-apparat, brannslangar, vass-tankar og anna utstyr få stå i fred. Kanskje er det nettopp du og dine venner som vil trenge det !

Badestampar, bålpanner og røykmaskiner er ikkje tillatt.

Det er heller ikkje tillatt å ta med dyr på campinga.

SJEKK EL-ANLEGG, GASS OG BRANNSLOKKINGSAPPARAT FØR DU REISER.

Treungenfestival har aldersgrense 18 år.

https://www.ticketmaster.no/artist/treungenfestival-billetter/903309

Kontakt info:Festival telefon:
99483077

E-post:
bestilling@treungen.no

https://www.ticketmaster.no/artist/treungenfestiva...

Treungenfestival på facebook


Billettar

Camping

Bildearkiv

Countdown

Tid igjen til festivalen
billeter

Artistar

Facebook

Vi samarbeider med

telia.png gtm-logo.png

Kart

map